onsdag 20. mai 2015

Matskule på Barnas matfestival 4-6 September.

I veke 35 vert det matskule i mathallen i Bergen. to/ tre kveldar frå 16:30 til 19:30.

På denne matskulen får du læra korleis det kan vera å arbeide som kokk eller servitør på ein restaurant. Matskulen endar med drift av Barnas 4H restaurant på matfestivalen i Bergen 4-6 September 2015.

På matfestivalen kan ein få sjå, smaka og kjøpa spennande lokale produkt podusert i småskalabedrifter. Me skal bruka desse råvarene i restauranten og samtidig skal me prøva å driva så økologisk som mogleg. Alle frå kurset skal så vera med å driva restaurant, kokkelere og servere mat på festivalen helga 4-6 september.
Mottoet vårt er framleis: " lære ved å gjere".

Påmelding til:
Karen O. Isdal
Tlf 95979064
karen.o.isdal@4h.no