lørdag 7. juni 2014

Fra instruktørkurs i Fyksesund

Fra skog til bord. På instruktørkurs på Alvastien på Telste fekk vi lære om kva ein kan hauste inn frå naturen og ete heilt gratis. Villmat er siste hit i restaurantbransjen. Ein gammal tradisjon som har vorte litt borte i desse hurtigmat tider. Matauk er eit gammalt ord for å hauste inn frå naturen og lagre mat til seinare. Dette var ein skoghage laga etter permakulturprinsipp. Det vil seie at ein tilrettelegg eigedomen til plantar der dei vil trives, og sett ned frø og plantar som "veks vill" og derav ikkje treng noko anna stell enn å verte hauste frå.