tirsdag 22. april 2014

Matskule på Førland 4H Gard

"På Førland 4H gard har me mykje fokus på god mat som kan lagast ute i det fri. Men me har og eit lite bakehus, der ein kan læra å laga god gamal tradisjonsbakst. F.eks lefser og flatbrød.

Me driv med produksjon av Hereford ammeku og sau, har og litt høns, kaniner, kattar og hund på garden. Hos oss kan ein få vere med og stelle og kose med dyra. Me dyrker litt grønsaker og poteter til eige bruk, sel bringebær i sesong, driv med småskala lefseproduksjon frå eige bakehus og sel litt ved frå eigen skog.

På garden kan ein få tilrettelagte opplegg for 4H-klubbar, familiedagar med skule, barnehage og bedrifter. Me har og opne dagar der alle som vil kan få komme på besøk på garden. Velkommen til gards!"

Aktivitetsdagar med matskule:
mai: 24&25
juni: 21,22 og 23. 
        28,29 & 30. 
aug: 16 & 17

Kontakt og påmelding:
Førland 4H gard
v/ Guro Kristi Holmberg
tlf: 95947256, e-post: guro.kh@live.com