tirsdag 4. mars 2014

No livnar det i lundar.

Nå kjem våren. Og det er på tide å planlegge kva ein vil ha i jorda, kor, og kva ein må gjere med jorda før ein kan plante. Snøklokkene har allereie kome opp av jorda. Det er det første vårtegnet. 

Om ein vil starte noke inne som treng lang veksttid, for eksempel tomat, paprika, agurk og kanskje gresskar, så kan ein starte med nokre av dei allereie no. Ta jorda inn før du plantar slik at ho vert litt varm før frøa kjem i. Små frø skal gjerne berre ha eit lett strø med jord over seg, mens større frø kan plantast 0,5-1 cm ned i jorda. Dusj jorda lett med vatn og legg plast over. Vi har tørka frø frå paprika, melon og hokaido som vi har planta. 
Eg har tjuvstarta. Til jul fekk eg Perleøstersopp- plantesett. Det er rett og slett espressogrut som er smitta med soppsporar og no veks soppen villig. Det tok berre ei veke før det byrja å gro, og snart kan eg høste sopp og ha til middag. Frå grut til bord:-)  

Mars helsing frå Karen O. Isdal. Frå jord til bord matskule 2014.