torsdag 6. mars 2014

Barnas matfestival i Bergen


 Barnas matfestival
5-7 september arrangerer 4H, Barnas matfestival som ein del av matfestivalen i Bergen. Arrangementet er eit samarbeid mellom 4H Hordaland, 4H Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune.

Smaksverksted
Inne på Barnas festival område vil du finne smaksverksted med Folkelig og Oikos, Reint Digg gir informasjon om økologisk Vestlandsmat.
Restaurant
Du kan ete middag på 4H matskule`s Bistro. Bistroen vert dreven av born som deltar på matskule.
Teater
Professor bestemor (fra Vil Vite senteret) viser et teaterstykke om mat og smak.
Traktor
Bondelaget kjem med traktor for å rekruttera nye bønder. Her kan dei minste få prøvesitta ein "orntli" stor traktor.
Bygdekvinnelaget informerer om sine familiematskular.
Leik med maten
4H har leiker og kokurransar for store og små. 4H Matskule viser fram prosjektet Fra jord til bord matskule. Her kan du sjå kva ungdommane har dyrka i løpet av året og kanskje få ein smakebit.


Åpningstider Barnas matfestival:
Fredag 12-18
Lørdag 10-18
Søndag 10-16

4H Matskule Bistro på Barnas matfestival.
I August kjem vi til å halde ein spesiell matskule som forberedelse til Barnas matfestival. Eit team med born og unge frå 8- 14 år skal drive restaurant på festivalen. Dei får anledning til å prøve seg som kokk eller servitør. Dei får lære å lage mat, anrette mat og servere mat til gjester på matfestivalen i Bergen.