tirsdag 4. mars 2014

Hordaland økologisk foregangsfylke


Hordaland er økologisk foregangsfylke på frukt og bær. I Hordaland vil vi satsa på å halde matskulane økologiske så langt det er mogleg. Det vert ofte sagt at det er vanskelig å ha handla økologisk sidan det er så dyrt, men er det eigentlig det? Ofte handlar det meir om kva ein velger å handla inn enn volumet, sa sjefen for københavns mathus når han var på besøk i Bergen høsten 2013. Han har vore med på å få 70% av offentlege kjøkken i København til å legge om økologisk. Ei heil handlekorg full av vitaminrike reine grønnsaker er mykje billegare enn ei handlekorg med billeg kjøt og sukkerhaldig mat, og så får ein mykje meir energi og helse igjen for pengane.