mandag 30. september 2013

Matskule på Garnes 8-9 oktober

4H Matskule
- Matens veg frå jord til bord-

8-9 oktober var det matskule på Garnes 4h Gard i Arna for dei som går i 4, 5 og 6 klasse.
Matskulen er for alle som likar å lage og ete mat.

Vi laga mat ute og lærte om lokal mat, økologisk mat og rein mat. Vi hadde aktivitetar ute og lærte om matens veg fra jord til bord og kordan ein kan lage mat frå grunnen av.


Instruktør for matskulen på Garnes var Xavier Bonete, prosjektleiar Karen O. Isdal var med Og Emilie Solberg var ein dyktig assistent.

Program:
4H Matskulen varte frå kl 09.00 - 15.00 begge dagane. Vi laga og åt 1-2 måltid og hadde aktivitetsøkter kvar dag.

Tysdag 8. oktober
Velkommen og omvisning på garden. Einar var guide og viste ungane i floren og hønsehuset, dei fekk helse på hest, kyr, gris, høns og and. Vi hausta frå naturen og laga lunsj. Byggrøt og fiskeburgere med nanbrød til middag.

Onsdag9 oktober
Vi laga frokost som raskt utvikla seg til skivekunst etter at vi hadde lært meir om kor viktig det er for kroppen å få i seg mat frå alle regnbuens fargar i løpet av dagen.

Ein del av dei fargerike skivene blei avbilda i avisa Bygdanytt i artikkelen smak er behag.

Vi hadde og smaksverkstad som førte fram til nokre fantastiske oppskrifter på rømmedip som du finn på oppskriftssida her.


Til slutt laga vi chiligryte og inviterte foreldre og søsken på avslutning med mat.

Ønsker du å arrangere matskule i din 4H klubb ta kontakt på e-post: karen.o.isdal@4h.no